Logo
Top image

20 % rabatt på musikalen Cabaret

Velkommen til Kit Kat Klub – staden der du kan leggje problema og skuffelsane dine ved inngangsdøra og kaste deg ut i den livsnytande og hemningslause natta. Her inne er livet vakkert, jentene er vakre, ja, til og med orkesteret er vakkert.

Vi er i Berlin, tilbake på 30-talet, i ei brytningstid der byen både har ei forlokkande tiltrekkingskraft samstundes som den politiske einsrettinga får fotfeste. Kontrastane er store mellom det frigjorte kunstnarmiljøet og samfunnet elles. Til denne hovudstaden kjem amerikanaren Cliff Bradshaw. Den unge forfattaren blir straks dregen inn i byens heftige natteliv. Her møter og forelskar han seg i Cabaret-songerinna Sally Bowles.

Der ingenting er tabu
Kit Kat Klub er ein lurvete og sveitt nattklubb, der takhøgda er stor og du kan vere den du ønskjer. Ein fristad frå det dystre politiske bakteppet som breier seg på utsida. Sydande liv, eggande rytmar og høg toleranse blir motsvaret til fascismen og det etterkvart så taktfaste ropet på ein sterk leiar. Men verdas undergang er enno ikkje her, og sjølv om den politiske verkelegheita kryp nærmare blir det fest på nattklubben Kit Kat Klub der ingen ting er tabu.

Musikalen hadde premiere på Broadway på 60-talet, og har vist seg å ha ei kraft som gjer den like potent, underhaldande og skremmande no som gjennom heile etterkrigstida.

Sted: Det Norske Teatret, Oslo

Pris: Kr. 700 (ord. pris kr. 870), fra rad 2

Bestillingsfrist:

Opplevelsesportalen leveres av Mehrwerk AS på vegne av Nordea.