Logo
Top image

Få rabatt på Den uendelige historia

Ei eventyrleg forteljing om fantasiens kraft, og betydninga av å tru på seg sjølv.

Vi møter den 11 år gamle guten Bastian som gøymer seg på eit teater for å sleppe unna mobbarane sine. Der finn han boka Den uendelege historia, om det magiske landet Fantásia som er i ferd med å gå til grunne. Bastian blir dregen inn i historia, og oppdagar sin eigne styrke når han plutseleg er helten i historia. Det blir opp til han å redde landet frå undergangen. Men på vegen risikerer han å miste kontakten med verkelegheita.

Barnleg fantasi
Den uendelege historia undersøker krafta i barns fantasi. For det ein saknar i den verkelege verda kan ein finne i litteraturen. Men det kan også bli ei flukt frå viktige eller vonde utfordringar ein sjølv har i livet.

Klassikar i barnelitteraturen
Boka er skriven av Michael Ende og blei utgitt i 1979. Ho blir rekna som ein klassikar innan barne- og ungdomslitteraturen. Boka blei filmatisert i 1984 av Wolfgang Petersen, og tittelsongen av den britiske artisten Limahl, blei ein superhit.

Tidspunkt:
25. oktober 2025, kl. 17.00
Bestillingsfrist: 25. september 2025

6. desember 2025 kl.16.00
Bestillingsfrist: 6. november 2025

13. desember 2025 kl. 14.30
Bestillingsfrist: 6. november 2025

Sted: Det Norske Teatret, Oslo

Pris: Kr. 520 for voksen (ord. pris kr. 620), fra rad 2. Barn kr. 325.

Annet: Passar for heile familien og frå 6 år

Opplevelsesportalen leveres av Mehrwerk AS på vegne av Nordea.