Logo
Top image

20 % rabatt på Europavisjonar

Kva skjer når Vladimir Putin, Angela Merkel, Boris Johnson og ei rekke andre gyv laus på kjente Eurovision-hits, og syng seg gjennom 35 år med europeisk historie?

Kven har den beste visjonen for Europa? Det er det sjølvsagt du i publikum som bestemmer. Velkommen til den viktigaste songkonkurransen i historia: Europavisjonar.

På scenen står dei mest sentrale politikarane frå 1989 til i dag. Storbritannia, Russland, NATO, EU, ytre høgre og mange fleire gir deg sine visjonar pakka inn i raffe rytmar, funklande paljettar og deileg dansenummer. Dei bruker stemma si i jakta på stemma di! Og dei gjer det med songar frå Eurovision Song Contest, i ny språkleg drakt du aldri har høyrt før.

Kva for visjon vil du stemme på? Vekst, shopping og kapitalisme? Opprusting og maktbalanse? Eller kva med EUs tunge byråkrati? Bli med og stem!

Velkommen til eit forrykande show!

 

Meir om Europavisjonar
I 2025 tek dei Eurovision-entusiasmen inn på Hovudscenen på Det Norske Teatret. Med eit stort ensemble og kunstnarleg lag skal dei no kople Europas nyare historie opp mot Eurovision Song Contest i ein songkonkurranse med skarp politisk brodd, der humor og djupt alvor går opp i ei høgare eining. Berlinmurens fall, 90-åras marknadsliberalisme, finanskrise, flyktningkrise, krig og fred. Alt presentert i eit energisk show, gjennom musikknummer med song, dans, triks og overdådige kostyme.

Tidspunkt:
13. november 2025 kl. 19.30
14. november 2025 kl. 18.30
29. november 2025 kl. 17.30
20. desember 2025 kl. 17.00

Stad: Det Norske Teatret, Oslo

Pris: Kr. 680 for vaksen (ord. pris kr. 850) og kr. 425 for barn. Gode plasser fra rad 2.

Bestillingsfrist:

Opplevelsesportalen leveres av Mehrwerk AS på vegne av Nordea.