I desember inviterer Herborg Kråkevik til julekonsert på Det Norske Teatret. I år har ho fått med seg Solveig Kloppen, Frida Ånnevik og songarar frå Birkelunden Mannskor.
I fjor markerte vi tiårs-jubileum for det populære juleheftet Juleroser ved å invitere til førjulsfest på Hovudscenen tre søndagar i advent. Det blei ei så varm og fin oppleving, at vi vil gjenta det heile i år - med nye gjestar!
Til årets hefte har Solveig Kloppen skrive teksten «Huskeliste», mens artist Frida Ånnevik har laga låta «Julekort og Gammaldansk». I desember vil begge to sjølv stå på scenen på Det Norske Teatret. Saman med teaterets skodespelarar, Birkelunden Mannskor og musikarar er det duka for musikk, forteljingar, humor og tradisjonsrik julestemning. I spissen for det heile står seremonimeister Herborg Kråkevik.
Velkommen til ein varm førjulsfest på Hovudscenen!
Tidspunkt:
7. desember 2025 kl. 17.00
14. desember 2025 kl. 14.30
Sted: Det Norske Teatret, Oslo
Pris: Kr. 440 (ord. pris kr. 550), fra rad 1
Bestillingsfrist:
Opplevelsesportalen leveres av Mehrwerk AS på vegne av Nordea.